Kameratstøtte
Døgnåpen: 800 48 500, eller Skriv til oss

PRT 18 avslutta oppdraget

340 soldater er heime igjen etter 6 månader i Afghanistan som den siste reindyrka norske stabiliseringsstyrken. Fredag vart dei heidra for innsatsen.

/

Den siste reindyrka norske stabiliseringsstyrken, PRT18 (Provincial Reconstruction Team), har no fullført oppdraget sitt i Faryab-provinsen i Afghanistan.

På Akershus festning i Oslo fekk soldatane fredag Forsvarets innsatsmedaljar for teneste i Afghanistan.

Sjef for Forsvarets operative hovudkvarter (FOH), viseadmiral Haakon Bruun-Hanssen, opna seremonien.

Stolt over jobben som er gjort

Forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap) deltok og gjekk på talarstolen før han delte ut medaljane saman med viseadmiralen.

- Det er ei stor glede å sjå dykk, og det er ei glede for meg som ansvarleg statsråd å sjå at alle er med heim igjen, sa han til PRT-styrken som stod oppstilt på Festplassen på Akershus festning.

Han sa også at han er stolt over det viktige oppdraget styrken har gjort i Faryab-provinsen.

PRT19, som nyleg har overtatt ansvaret i Maimanah i Faryab, har fått namnet TSG-F (Transition Support Group - Faryab).

- PRT16 starta arbeidet med å overføre ansvaret til afghanske tryggingsstyrkar, men det er dykk som har fullført dette oppdraget. De har satt afghanarane i sentrum og gjort ein viktig og god jobb med å setje dei afghanske styrkane i stand til å sørge for eigen tryggleik, sa forsvarsministeren.

Han fortalde også om ein krevjande periode i Afghanistan, og nemde mellom anna angrepet på den norske leiren etter koranbrenninga av utanlandske styrkar.

- Dykk har imponert meg, for oppdraget vart takla på ein utmerka måte, sa Barth Eide.

- Det er godt å ønskje dei velkommen heim igjen

Generalinspektøren for Hæren, generalinspektøren for Luftforsvaret og generalinspektøren for Heimevernet deltok også på seremonien. Det same gjorde leiar for utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Ine Marie Eriksen Søreide (H).

- Det er alltid ei stor ære å få vere med å heidre dei som har delteke i internasjonale operasjonar for Norge. Det er ein fin måte for oss å vise støtte og anerkjenning til soldatane. Dette er ein historisk seremoni sidan dette er det siste PRT-et, seier Eriksen Søreide.

Forsvarets veteraninspektør, brigader Geir Anda, var stolt i dag:

- Det har vore ein verdig og fin seremoni, og det er kjekt å sjå at så mange familie og vener av soldatane har møtt fram. Vi har grunn til å vere stolte. Det er godt å ønskje dei velkommen heim igjen, seier veteraninspektøren.

Full støtte i eit samla storting

Forsvarsministeren gav mykje skryt til soldatane og handhelste på alle under utdelinga. I talen sin sa han også følgjande:

- Vi hadde ein stor debatt om Afghanistan på Stortinget for nokre dagar sidan - den beste debatten som har vore i parlamentet etter mi meining. Alle dei sju stortingspartia gav under diskusjonane si fulle støtte til arbeidet som er gjort i Afghanistan og meinte at det norske bidraget har vore viktig for landet.

Han ser mot soldatane som står oppstilt på rad og rekke, og legg til:

- Jobben i Afghanistan, ja, den er det de som har gjort. Takk for innsatsen.

Transition Support Group skal dei neste månadane fullføre den norske innsatsen i Faryab-provinsen. Innan 1. oktober 2012 skal den siste soldaten vere ute av provinsen. Dei overlet ikkje berre ansvaret til afghanske trygginsstyrkan, men også den norske leiren som er bygd i provinsen.

Dei norske styrkane vil frå 1. oktober konsentrere seg om Mazar-e Sharif og Kabul.

Publisert 08.06.2012 14:38

Sist oppdatert 09.06.2012 11:55

Simon Solheim (tekst) og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter

Provincial Recontruction Team (PRT)

Provincial Reconstruction Team (PRT) er en stabiliseringsstyrke som består av soldater, befal og sivile som er trenet for å bidra til gjenoppbygging av Afghanistan på forskjellige måter.

Meymaneh

  • Norges 350 soldater i Meymaneh i Faryab-provinsen er en del av ISAFs regionale kommando nord i Afghanistan.
  • Stabiliseringsstyrkens oppdrag er å bistå regjeringen til å bygge sikkerhet, styresett og fremme utvikling.
  • Nordmennene holder til i Camp Meymaneh, der fem stabiliseringskompanier er norske, ett er latvisk.
  • Oppdraget for er å bistå regjeringen til å bygge sikkerhet, styresett og fremme utvikling.
  • PRT Meymaneh ble opprinnelig etablert i 2004 av Storbritannia. I september 2005 overtok Norge ledelsen.

Kilde: Forsvaret.no